Leif Rygg

Vossaspel Audio CDPurchased

Med fela som fylgjesvein Då eg voks opp som smågut i slutten av 1940 åra var ikkje fela det mest populære instrument i bygda.Trekkspel og gitar rådde for det meste grunnen både til underhaldning og dans. Utover i 1950 åra kom nye danserytmer som var populære mellom ungdomar. Bror min, Ingebrigt, spela trekkspel, så her var det berre å prøva seg på dette instrumentet. Men naboguten Kjell Midttun (1935-1986), som var fem år eldre enn meg, var i full gang med fela. Slik vakna interessa for hardingfela. Heime hjå skulekameraten min Olav Selland(1939-2004) var det fela i huset, så no vart me eit trekløver. Kjell var den som var føregangsmann. Han hadde kontakt med Lars Skjervheim og andre spelemenn. Det var inga organisert opplæring i musikk for born og ungdomar på den tid. Du måtte sjølv oppsøkja spelemenn for å læra. Eg hugsa som det skulle vera i dag, fyrste helgeturen som tolvåring då eg fekk reisa til Nils Borge (1892-1970). Det vart slåttelæring laurdag kveld og sundag. Eg var ikkje lite byrg over tilfanget eg spela for kameratane mine etter denne turen. Lars Skjervheim (1915-2003) var det store førebiletet. Med jamne mellomrom var han med oss med rettleiding og slåttekunne. Som 16 og 15 åringar fekk Olav Selland og eg koma i lære hjå Sigbjørn B. Osa (1910-1990). Dette vart ei stor oppleving, fantastisk musikkar og pedagog, og han hadde svært godt lag med ungdomar. Det vart øving i teknikk, notekunskap, rettleiing i slåtteutforming og gode historiar. Du verda for ein læremeistar og menneskje! Ja, slik vart grunnlaget lagt for eit langt liv med fela som fylgje. Spelemenn er som ein stor famelie – Slåttemusikken på hardingfela er ein unik musikktradisjon, dikta og forma av spelemenn gjennom fleire hundrad år. Ein av dei fyrste me kjenner til i våre bygder er Per Gudvangen ”Lisbet-Per” (1715-1765). Vidare andre store spelemenn som Anders Ø. Hyrt ”Gamlehagen”(1771-1844), Nils Rekve (1777-1846), Ola Mosafinn (1828-1912) og Sjur Helgeland (1858-1924). Desse utveksla slåttar med spelemenn frå andre deler av landet, og utforma spelet på kvar sin personlege måte. Dette er slåttearven me dyrkar og spelar på vidare. Nils Borge sa ofte:”Tak mot alle impulsar de kan få utanfrå, men lat dialekten vera grunnpilaren i spelet.” Dette utsagnet vitnar om vidsyn og at ”musikken må få leva”. For min del har eg fått impulsar frå spelemenn i ulike landsdeler. Då eg frå 1967 var busett nokre år i Ål i Hallingdal kom eg til eit rikt spelemannsmiljø. Her var vegen kort til Valdres og Telemark. Hallingslåttane friske og rytmiske, noko beintfram men ekte. Valdres med friske springarar, men og lyriske lyarslåttar. Telemark med utbygde slåttar av storspelemenn. Du verda for ei openbaring! Eg har lyst å nemna dei mest sentrale eg møtte: Nils Gjeldokk, Jens Myro og Knut Myrann (Numedal) i Hallingdal, Torleiv Bolstad og Olav Jørgen Hegge frå Valdres. I Telemark Knut og Hauk Buen, Birgit Tjønn, Einar og Olav Løndal, Olav Øyaland, Jens Amundsen, Gunnar Inleggen,Bjarne Herefoss og ikkje minst Eivind Mo. Eg gløymer ikkje turen Knut Myrann og meg hadde til Johannes Dale i Tinn. Det er når du får treffa mennesket bak musikken du skjønar det store spelet. Møtet med Eivind Mo var sterkt. Den stolte bonden på ”Nordgaren” som ved fyrste møtet var noko reservert. Men når han opna seg og tok fram fela, du for ei musikkoppleving! Det er samvere med desse eg har nemt, og mange fleire, som gjer at livet saman med fela gjev meining på livsvegen. Eg trur det er viktig for folkemusikken at ein held den ”gamle Spelemannsskulen” i hevd vidare framover. Då eg etter ei tid kom tilbake til Voss vart på ein måte dei heimlege slåttane meir kjærkomne, dei hadde fått kvila, men fått ein ny glans. No fekk eg god kontakt med Anders Kjerland (1900-1989), den fantastiske spelemannen og historikaren. Det vart ikkje fåe slåttar eg fekk med meg frå Granvin til Voss i seine kveldstimar. Lars Skjervheim budde lenge i Årdal i Sogn, men flytte tilbake til Voss som pensjonist. No blomstra han opp som spelemann med nyskapande slåttar, han kom med nye tonar kvar gong me råkast. Takk til Lars for alt han gav oss i slåttemusikken! Hardingfela er eit vart instrument. Det kan sikkert alle spelemenn skriva under på. Mi fyrste fela fekk eg kjøpa som tolvåring for kroner 75.-, ho ligg her og er like kjær. Du er stadig på leiting etter ein tone du aldri oppnår. Kvar felemakar har og sitt eige toneideal. Det er viktig å finna den toneverda som passar deg og ditt spel.Felene eg har nytta på denne innspelinga er Olav G. Helland 1926 og Anders Åsen 1959. Takk til Audhild, Steinar og Tone som vore med å dyrka interessa for folkemusikken saman med meg. Eg forstår ikkje korleis livet ville vera utan slåttemusikken og felene mine! / Leif Rygg