Aslak Brimi

ette´ Lykkja Audio CDPurchased

Det er i heimgrenda Garmo i Lom eg har musikkrøtene mine. Her var Ola Moløkken (1871-1957) den store spelmannen frå slutten av 1800-talet. Det var ikkje mange kjende spelmenn da Ola var ung og aktiv spelmann. Men rundt Ola vaks det opp eit rikt musikkliv med mange dyktige felespelarar. Dette har halde seg til vår tid. Ola er eit svært viktig bindeledd mellom århundra; mellom dei eldste spelmennene og dei som kom etter. Han var læremeister og stilskapar for alle utover 1900-talet, og er framleis ei viktig kjelde for oss spelmenn i dag. Eg har hatt som mål å bli betre kjend med Ola Moløkken som spelmann, og opptaka til denne utgjevinga er gjort i samband med ein Ola Moløkkenkonsert eg hadde på Folk på torsdag på Riksscenen i Oslo hausten 2016. Med ette´ Lykkja meiner eg både musikken vi har frå Ola, samt musikken og musikarane som kom etter han. Ola laga også slåttar, noko som inspirerte yngre spelmenn til å gjere det same. Også meg sjølv. Musikktradisjonen vi har i bygda i dag har framleis mykje Ola i seg. Min musikk har eg fyrst og fremst etter far min. Far min var på si fyrste øving i spelmannslaget i 1955. Dette var og den siste til Ola Moløkken. Tomrommet etter Ola fylte seg etterkvart med nye og dugande spelmenn. Og slåttane hass Ola blir lærte og brukte. Den store og gjæve spelmannen får framleis fortent merksemd. / Aslak Brimi