JON OLAV

Repetitivt System SinglePurchased

Urørtvinnaren JON OLAV slepp ny låt JON OLAV har sidan valkampen prøvd å få oppmerksomheita til statsminister Erna Solber med låta “Hei Erna”. Til tross for at han ikkje har fått respons frå statsministeren fortsetter han oppdraget med å trekke meining tilbake i popmusikken. Denne gongen gjer han det med låta “Repetitivt System” som blir sleppt 25. mai. JON OLAV er ikkje redd for å sei kva han meiner. Det viste artisten med debutsingelen “Hei Erna” der han leika seg inn i valkampen med ei naiv og nonsjalant instilling. I dag har musikkvideoen 300 000 views. Etter ein innholdsrik vår for årets Urørtvinner ser han no fram til å gi ut ny musikk. «Det blir deilig å endelig gi ut ny musikk etter Urørt. Det blir også veldig spennande sidan denne låta viser ei litt anna side ved meg sjølv, som kanskje ikkje kjem så godt fram i «Hei Erna». Låta handlar om korleis vi i samfunnet brukar alt for mykje tid på sosiale medier og at vi ukritisk konsumerer alt vi finn på mobilane våre», forteller JON OLAV. Med si eksotiske dialekt spelte sunnmøringen for fleire fulle hus i Oslo under bransjefestivalen by:Larm etter Urørt-seieren i mars. I sommar står resten av landet for tur når han tek for seg festivalsommaren. “Repetitivt System” blir sleppt fredag 25. mai på JON OLAVs eige plateselskap Lydheim.
1. Repetitivt System 00:03:38
Main artist JON OLAV
Composer Jon Olav Sandal
Author Jon Olav Sandal
Performers Edvard Sundquist | Pål Gunnar Dale | Jon Olav Sandal
Producers Christer Andre Cederberg