Jon Faukstad Hans W. Brimi Mary Barthelemy

Norwegian folk music Audio CDPurchased

Norwegian folk music Denne LP-plata vart først gjeve ut i 1979 i USA, av Philo Records. Digitalisert og overført til CD i 2009, utgjeve i Noreg av JPS records Hans W. Brimi, fele Jon Faukstad, trekkspel Mary Barthelemy, fløyte Arve Width, bass på spor 11-19 I 1975 besøkte Madeline Uraneck og Phil Martin Heidal i Gudbrandsdalen. Dei kom frå eit folkedansmiljø nær Madison i Wisconsin, «Folklore Village Farm». Dei inviterte Hans, Mary og Jon over til ein turné. Det viktigaste var sjølvsagt besøket på «Folklore Village», men i tillegg la dei opp ei konsertrute som starta i Boulder i Colorado, gjekk vidare til Chicago, deretter til Madison og mange mindre plassar der, Decorah i Iowa, Minneapolis og mange småsamfunn der omkring, vidare til Seattle med omegn og endeleg til Vancouver i Canada. Turneen resulterte i ei plateinnspeling. Den vart innspelt og produsert av Madeline Uraneck og Phil Martin i TV-studio i NRK i Oslo, og det er denne musikken du kan høyre på denne CD-en.