Torhild Ostad artist

I norsk folkemusikk har Torhild Ostad vore nærast ein skjult skatt. I 1996 slapp ho soloalbumet «Blomar i moll» (KKV) med svært personlege framføringar av folketonar. Framføringar som står solid den dag i dag, 20 år etter, og som høyrleggjer at vi har med ei heilt særeigen stemme å gjera. Etter tjue års tagnad vart trykket for sterkt for vokalkunstnaren Torhild Ostad - ho måtte ta musikken sin vidare. Møtet med den danske superpianisten og komponisten Carsten Dahl vart eit vegskilje. For første gang møtte ho ein musikar som "eit medmenneske" - ein som skjøna kva og kvar ho ville musikalsk og uttrykksmessig. Ein musikar som var i stand til å møta hennar musikk og medskapa den om til eit felles uttrykk. Det er to tvillingsjeler som møtest, opnar seg for kvarandre og som med denne innspelinga har skapt eineståande musikk saman. Det er nærliggande å kalla det spirituell musikk med eit heilt eige nærvær.